Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid LRF 2020 Nettbutikk

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > - Vi møter kjempefin og hyggeleg ungdom - Lions Club Os
- Vi møter kjempefin og hyggeleg ungdom - Lions Club Os

Helga Vikøyr Rød, Wenche Lyssand og Målfrid Bøthun stod på i kafeteriaen. Foto: Os og Fusaposten.

- Vi møter kjempefin og hyggeleg ungdom - Lions Club Os

I kafeteriaen gjekk det i vaflar og Cola-boksar under utdanningsmessa på Nore Neset. - Det har gått i eitt her i heile dag, fortel Wenche Lyssand i Os Lions.

Det hadde vore ein lang dag for damene i kafeteriaen då Os & Fusaposten vitja dei i 13-tida onsdag. Hundrevis av elevar var innom på første dag av messa. Mange av dei tok turen innom kafeteriaen.

- Det har vore ein lang dag, seier Lyssand.

Til trass for ein hektisk dag, var det ikkje noko å seia på humøret til Lyssand, Helga Vikøyr Rød og Målfrid Bøthun som stod bak disken.

- Vi skulle eigentleg vore fleire, men det var ein som ikkje hadde høve til å stilla, seier Lyssand.