Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid LRF 2020 Nettbutikk

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > Mange bekkar små - Lions Club Laksevåg
Mange bekkar små - Lions Club Laksevåg

Ulike fag- og helsepersonell arbeider for å utgjera ein skilnad for borna i trygge omgjevnader. Nokre av dei er frivillige ressurspersonar frå andre kantar av verda. Undervisning, teikning, forming, song og musikk er gode verktøy for alle.

Mange bekkar små - Lions Club Laksevåg

13. januar opna Lions Norge sitt SAFE-senter for syriske flyktningborn i Bekaadalen i Libanon. Senteret kan ta imot opp mot 400 born og er etablert i samarbeid med den lokale organisasjonen, Beyond, og libanesiske styresmakter.

Annette Pemmer frå Lions Bergen er éi av eldsjelene i dette arbeidet. Ho var ein av dei som reiste ned til Libanon for å sjå senteret i drift dagen etter at det vart tatt i bruk.

- Eg fekk mange sterke og flotte inntrykk, seier Pemmer etter heimkomsten.

Senteret var fylt med om lag 100 born som øvde, fekk testa eigen kunnskap og besøkja barnehagen. Det største var nok den tydelege gleda som borna viste over alle tilboda dei kunne få her.