Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid LRF 2020 Nettbutikk

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > Fekk båre til 50.000 kroner - Lions Club Os
Fekk båre til 50.000 kroner - Lions Club Os

President i Lions Os, Harald Grotle (t.v.) og leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Atle Vågstøl, med den nye båra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden)

Fekk båre til 50.000 kroner - Lions Club Os

Rullande gåve for lettare redning.

Under utdanningsmessa på Nore Neset, som starta i dag, gav arrangør Os Lions ei båre i gåve til Os Røde Kors hjelpekorps.

– Vi er overvelda! Dei vi har frå før er 50 år gamle armébårer, med unntak av ei samanleggbar, men også denne krev fire mann, seier Atle Vågstøl, leiar i hjelpekorpset.

Båra har avtagbart hjul og brems, og den kan delast i fire for enkel transport til ulykkesstaden.