Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid LRF 2020 Nettbutikk

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > Får pris for stell av dement kone og utviklingshemma son på 44 år - Lions Club Kvinnherad
Får pris for stell av dement kone og utviklingshemma son på 44 år - Lions Club Kvinnherad

PRISVINNAR: Oddvin Heimvik (75) har stor glede av å vera med sonen Leif Inge (44) i terapibassenget på Husnestunet. - Det blir god trening både for han og meg, seier Heimvik, som søndag kveld vart tildelt Omsorgsprisen 2016 for Bergen og Hordaland. FOTO: TOR HØVIK

Får pris for stell av dement kone og utviklingshemma son på 44 år - Lions Club Kvinnherad

Han har hatt ansvar for si demente kone og deira 44 år gamle son, som er psykisk og fysisk utviklingshemma. No får Oddvin Heimvik Omsorgsprisen 2016.

Oddvin Heimvik på Utåker i Kvinnherad er ikkje ein person som stikk seg fram og skrik høgast. Han har derimot eit engasjement for andre menneske som ligg langt over gjennomsnittet.

Nokre steinkast opp frå ferjekaien på Utåker har 75 år gamle Oddvin Heimvik i fleire år hatt ansvaret for si demente kone. Det same med deira heimebuande son på 44 år, som har cerebral parese, ei psykisk utviklingshemming og er nesten utan syn.

Alle i bygda kjenner Oddvin Heimvik. Han er så stolt av heimegrenda Utåker at han i heile sitt vaksne liv har vore pådrivar for helselaget, musikkorpset, for eldrebustadene då dei vart bygde, og mykje meir.

I 31 år var han leiar i Norsk Forbund for utviklingshemma, avdeling Kvinnherad, og han har vore med i Kvinnherad Lions sidan starten i 1971