Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Nyheter og aktiviteter

Forsiden > Engasjer deg > Nyheter og aktiviteter > Teikna seg til topps i Norge
Teikna seg til topps i Norge

Bilde 1 av 3. Gratulerer Laila Karin Vatne som vinnar av Lions fredsplakatkonkurranse 2014-2015! Frå venstre, distriktsleiar Kari Smestad, klassekontakt Alexander Bjørnevik, Laila Karin Vatne, rektor Edna Krøvel og foreldra Stig og Ellen Vatne. FOTO: Aslaug Kvalsvik.

20150211-laila-vatne-fredsplakat

Bilde 2 av 3. Lions Club Sigtuna Sykkylven er stolte sponsorer av årests fredplakatvinner, Laila Karin Vatne. Denne flotte tegningen deltar i den internasjonale kåringen. FOTO: Aslaug Kvalsvik.

laila-med-venner-SAM_4876-(2)

Bilde 3 av 3. Skulevinnarne med nasjonal vinner Laila Karin i midten: Frå venstre: Martyna frå Tandstad skole, Hedda frå Hundeidvik privatskole, Antonia frå Aure skole, Laila Karin frå Sørestranda skole, Johanne frå Velledalen Montesourriskole, Elise frå Ullavik skole og Julie frå Sørestranda skole. FOTO: Aslaug Kvalsvik.

«
»

Teikna seg til topps i Norge

Laila Karin Vatne frå Sørestranda skole på Ikornnes er nasjonal vinnar av Lions Fredsplakatkonkurranse 2014-2015.

Tysdag kveld var det stor stemning i Sykkylven. Då kunne Lions Club Sykkylven Sigtuna invitere til utstilling av mange teikningar frå 7-klassingar frå dei fleste barneskolane i Sykkylven. Barna hadde teikne til temaet "Fred, kjærlighet og forståelse".

Laila Karin fortel at ho likar å teikne, og heime ligg alltid teiknesaker framme.

- Eg skulle ønske eg kunne vere med eit år til, for det hadde vore så kjekt. Men neste år vert eg for gammal, dessverre, sa Laila Karin etter overrekkinga.

Kontaktlæraren Alexander Bjørnevik syns at dette er eit fint tiltak for klassa. Han hadde brukt storskjerm, vist tidlegare teikningar for klassa.

- Konkurransen gir skolane ei fin andledning til å snakke med elevane om fred, seier Bjørnvik.

Det var tydeleg at klassa hadde vore inspirert, fordi der var så mange bra teikningar. Seks skolevinnarar fekk pengepremiar frå Lionsklubben, medan distriktsleiar Kari Smestad kunne overrekke Laila Karin to pengepremiar - ein på 1000 kr frå distriktet og ein på 5000 kr frå Lions nasjonale ungdomsfond.

- Å skape noe og gjøre noe sammen, si snille ting til hverandre og gjøre gode ting for hverandre — alt dette er med på å skape fred, sa Kari Smestad.

Ho minte også forsamlinga på Lions haldningsskapande skoleprogram MITT VALG som arbeider for å heve sosial kompetanse for barn og unge. Programmet var formål for innsamlingsaksjonen Lions Røde Fjær sist helg.

I samarbeid med FN har Lions utlyst denne internasjonale konkurransen gjennom sine klubbar over heile verda i 26 år. Ein anslår at 450.000 teikningar med fred som tema er med årleg. Her i Norge er fleire hundre skolar med frå år til år. Gjennom denne aktiviteten håper Lions og FN at barn på ein kreativ måte vert stimulerte til å reflektere over fredsspørsmål.

Lions Club Sykkylven Sigtuna har arrangert konkurransen i fleire år. Fleire skolar har delteke, og kvar skole får ein vinnar. Desse vert så sende vidare til ein jury på distriktsnivå, som igjen vel ut ei teikning som deltek i den nasjonale konkurransen. Den nasjonale vinnaren vert så sendt vidare til USA, til ein jury som kårar ein internasjonal vinnar.

Vinnaren får mellom anna ei reise til ein særskild seremoni som vert arrangert i hovudkvarteret til FN i New York 7. mars 2015, "Lions day with the UN".

På Lions sin verdskongress i Honolulu i juni, vert den internasjonale vinnaren presentert, og teikninga vist fram for titusenvis av menneske som er samla der.

Tenk at teikninga til Laila Karin Vatne frå Ikornnes er med i denne knivskarpe konkurransen!

2 kommentarer

Kommentarer blir moderert. Om du ser en kommentar du mener bør fjernes så kan du klikke på Rapportér
Kommentar fra Jan Harald Launes, Lions Club Greipstad
Rapportér | 08.april 2015 16:23
Jeg vil anbefale Svein Svendsen å få plass i juryen - han har tydeligvis egenskaper det er verd å ha med ved bedømming.
Hans verbale ytringer er jeg mindre begeistret for. Det er ubegrunnet og nedvurderende - og på grensen til injurierende.
Kommentar fra Svein Svendsen,Lions Ås.
Rapportér | 18.feb 2015 16:31
Dette valget er jeg svært uenige i. Tror ikke juryen har sett tegningen til Jenny Marie Risnes fra Ås.Dette lukter det av.

Ny kommentar