Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > Valborg har sendt 600 sekker med kle til Aust-Europa - Lions Club Voss
Valborg har sendt 600 sekker med kle til Aust-Europa - Lions Club Voss

KLE OG TEPPE: I haust gjekk rundt 600 sekker med kle og teppe frå Voss til naudlidande i Aust-Europa. Valborg Nummedal takkar alle som strikkar, sender kle og gjev pengar til hjelpearbeidet. PRIVAT FOTO

Valborg har sendt 600 sekker med kle til Aust-Europa - Lions Club Voss

Eldsjela Valborg Nummedal har drive på i ei årrekkje med innsamlingsaksjonar, og også det siste året kan ho visa til imponerande resultat.

Etter innsamlinga i september til Open Heart, sende ho ca 600 sekker med kle og teppe til krigsråka menneske i Ukraina.

Med på lasset fylgde også 33.000 kroner i reine pengar. Gåva vil mellom anna gå til å halda oppe arbeidet mellom born, der Open Heart har suppekjøkken som gjev mat til nesten 4000 born kvar dag - born som elles er overlatne til seg sjølve.

Misjon Uten Grenser og Open Heart deler elles ut tusenvis av matpakkar og anna kjelp kvar veke.

- Heilt fantastisk. Eg er så imponert over folk! seier Valborg Nummedal som endå ein gong har sendt mykje kle og pengar til born i naud i Aust-Europa.

Også ei rekkje prosjekt for barneheimsborn i Aust-Europa har vore i gang siste året. I januar kom det inn 6000 kroner til SOS Ukraina. Same månaden gjekk 15.000 kroner frå Lions Voss til utdeling av varm mat på matstasjonar som misjonen har. I februar kom det inn 15.000 til varme kle, sko, brensel og mat. I juni gjekk 4000 kr til menneske som lever i fattigdom og naud. I august 3000 kr til materiellstøtte slik at born og ungdom kan gå på skule.